Ferdig

Mi artistbook er laga av hønsenetting, streng, papir og papirmasse. Eg har prøvd å lage ei artistbook som fortel historie om livet til kystkvinna. Når eg først kom på kva eg skulle lage, var det lett å kome i gang. Eg såg for meg ei dame som stod og speida utover havet.

norid mars-april 2015 038

Kvinna er kjegleforma og har 3 armar på kvar side. (Ho måtte jo ha så mange armar skulle ho få gjort det kvardagen krevde av henne.) Kroppen er laga av hønsenetting og dekka med avisstrimlar. Armane er av streng. På armane heng ting og tang som høyrer til livet hennar som hardt arbeidande bonde, åleinemor, omsorgsarbeidar og alt det andre ho måtte gjere for at familien skulle greie seg medan mann og far var på sjøen. Ho stod nok der og speida etter han, med uroa, usikkerheita, håpet, lengten….

Nokre arbeidskrav er kjekkare å arbeide med enn andre. Arbeidet med artistbook har vore veldig kjekt, men òg frustrerande og utfordrande. Det er ein god følelse når idear dukkar opp som gjer at ein plutseleg ser løysingar på problem som var heilt fastlåste. Dette er med på å drive arbeidet vidare framover og utvikle nye idear.

Arbeidet med denne oppgåva har gjort at eg har fått eit utvida perspektiv på korleis ein kan arbeide med kunst og handverk, og eg har kosa meg med utforminga av oppgåva.

Nokre glimt frå arbeidsprosessen

120420151585

Mal til kroppen

140420151599

Dekka hønsenetting med vått papir

150420151608

Hovud til tørk i ovnen. To utkast

Frå frustrasjon til løysing?

Eg har gått lenge og lurt på korleis mi artistbook skulle sjå ut. Tema var greitt, det kom tidleg; livet til fiskarkona/kystkvinna. Inspirasjonen til dette var skulpturen til Skule Waksvik, Husmannskona, som står sentralt plassert i Florø. Eg trudde eg skulle finne fiskarkona her, men skulpturen Husmannskona er ein god representant for dei hardtarbeidande kvinnene på kysten som levde i små kår. I tillegg til det fysiske arbeidet på garden og pass og stell av born, og gjerne eldre familiemedlemmer, hadde dei lengten, angsten og uroa for mann, søner, fedre og andre som var på sjøen.

Eg har fundert og fundert. Tankar og idear har svirra i hovudet mitt og vore delt med både interesserte og uinteresserte eksemplar av vener og familie utan at eg har fått noko ned på papiret. Frustrasjonen melde seg. Så, ein morgon, eg vaknar og det er stilt i huset. Tankane svirrar. Plutseleg ser eg løysinga…. Heilt klart og tydeleg. Ja, slik må det bli. Eg får i alle fall prøve. Eg stod opp og laga nokre skisser i full fart. Så vart det ein tur på Byggeriet.

Lage bok

Eg skal lage bok, og har bestemt meg for å lage papiret sjølv. Ein ting er å lage papir i lag med andre på skulen der ein har alt ein treng, ein anna ting er når ein skal til med det heime og manglar både det eine og det andre. Bilderåmer kunne bli for svake og dette frå kvarandre meinte eg å ha høyrt. Eg søkte på internett. Der fann eg nokon som hadde brukt ei bilderåme og tredd over ei nylonstrømpe. Dette fungerte fint og såg veldig enkelt ut. Då var det berre å setje i gang 🙂

norid mars-april 2015 018

Enkelt og greit

norid mars-april 2015 015

papiret hadde lagt i bløyt natta over

norid mars-april 2015 017

og vart mosa til ein fin graut

norid mars-april 2015 022

Så langt alt vel. Ser bra ut dette…

norid mars-april 2015 020

…men ikkje dette 😦

Resultatet vart ikkje så bra. Papiret hang fast på strømpa. Eg prøvde fleire gonger, stramma opp strømpa det eg greide, men likevel gjekk det ikkje. Det såg jo så enkelt ut på nettet :). Kva var det eg gjorde gale? Kanskje strømpa var for tett?  Måtte eg gje meg? Vel, eg fekk tak i noko flugenetting i plast som eg stifta fast i råma med stiftemaskin. Faktisk veldig enkelt å få til.

norid mars-april 2015 023

redninga

Endeleg! Dette vart redninga. No vart det kjekt, og eg fekk laga masse papir. På nokre eksperimenterte eg med å legge inn små avisbitar og lavendelfrø eg hadde for hand. Prøvde med å legge nokre ark i press og såg at dei vart «finare» enn dei andre. Kjekt å eksperimentere og lukkast 🙂

Så var det å ta fatt på bokbindinga. Til framside ville eg bruke eit ark med lavendel. Lavendelen sat ikkje så godt fast. I boka «Lag ditt eget papir» av Elizabeth Couzins-Scott som eg lånte på biblioteket, nytta dei lim utblanda i vatn og pensla over for å få ting til å sitje fastare. Det vart laminert, og fekk ei blank overflate.

norid mars-april 2015 029

Greit med fønar når ein er utålmodig 🙂

norid mars-april 2015 030

Til framsida på boka valgte eg likevel ei side som ikkje var pensla over med lim sidan eg tykte det vart for blankt.

norid mars-april 2015 031

Ferdig 🙂 Og faktisk litt stolt over å ha laga mi eiga bok 🙂

Litteratur:

Couzins-Scott, Elizabeth (2000): Lag ditt eget papir, Bladkompaniet AS.

http://nrksuper.no/super/newton/2011/04/15/slik-lager-du-papir/

Arbeidskrav 2.

«Vel ein eller fleire skulpturar frå ein profesjonell kunstnar som inspirerer deg.» Den første tanken som slo meg, var ein av skulpturane som står utanfor samfunnshuset i Florø. Skulpturen viser ei dame som er på veg ein eller annan stad. Ho har eit barn på armen, eit leier ho og eit har ho i magen. Ho ber på ei stor korg på ryggen. Denne skulpturen seier noko om småkårskvinner sitt strevsame liv. Eg har ikkje studert skulpturen på nært hald før, og av ein eller anna grunn har eg levd i den tru at den heitte Fiskarkona. I hovudet mitt hadde det danna seg eit bilde av korleis eg skulle løyse denne oppgåva med fiskarkona. Når eg då oppdaga at det var Husmannskona som stod der, vart det kluss i tankane mine. Så no er det ein omprogrammeringsprosess i gang her 🙂

020320151439020320151442

020320151441

Husmannskona er laga av bilethoggar Skule Waksvik. Han er fødd i 1927 i Sør- Trøndelag. Som barn spikka han trefigurar og modellerte i plastellina og leire. Han fekk allereie då rettleiing av ein venn av faren, skulptør og treskjærar Oscar Lynum. Han utdanna seg til maskiningeniør og gjekk til sjøs. Under landligge i London såg han utstillingar av Henry Moore og Picasso. Etter å ha sett egyptiske skulpturar under ein tur til Kairo, bestemte han seg for å verte billedhoggar. Hausten 1947 byrja han på Kunstskolen i Trondheim og hadde lærarane Odd Hilt og Kristoffer Leirdal. Her lærde han aktmodellering. Seinare tok han til på Statens Kunstakademi, lærarar her var Per Palle Storm og Per Hurum.

Skule Waksvik har først og fremst modellert dyrefigurar, men kvinneleg akter og portrett, og store minnesmerker er blant dei fleste verka hans.  Det første store oppdraget hans var ein gallionsfigur til eit Fred-Olsen skip i 1954, ein ståande bjørn omkransa av fuglar. Han studerte dyra han skulle lage skulptur av inngåande ved at han reiste og oppsøkte dei der dei var. For eksempel reiste han til Paris fleire gonger på 1950 talet for å studere sjøløver. Første skulpturen av sjøløve står i dag utanfor Nasjonalgalleriet. Han er den mest nytta billedhoggar i si tid i Norge.

Monotrykk og kol

Monotrykk var ein teknikk eg ikkje hadde høyrt om før eg vart introdusert for den i Sogndal. Dette er ein enkel teknikk for born å bruke i skulen, sidan ein ikkje treng å kunne å teikne for å produsere noko. Dette kan vere med på å fjerne sperrer for kreativiteten. Mange er veldig kritiske og negative til eigne teiknekunnskapar. Her kan ein leike seg med strekar, krusedullar og fargar, trykkje, og prøve på nytt. Ein kan oppleve gleda av å skape noko utan at ein er for kritisk til eigne strekar, og verte inspirert til å prøve andre teknikkar og dermed utvikle kreative evner. Sjølv tykte eg det var spennande å blande ulike fargar og sjå korleis resultatet vart.

130220151403

130220151404

Litt av det som vart produsert denne dagen


Kolstift likte eg å arbeide med. Laga først nokre bilder i A4 størelse før eg våga meg på det store på 1,5 meter som eg vart oppfordra til å lage.

060320151468

090320151476

Toving

Kan eit ullbilde vere innanfor oppgåva tru? Eg fekk ideen av eit bilde eg har hengande.

010220151359

Inspirasjonskjelde

Ei bjørkegruppe eg har sett på mi vandring, trur eg vil bli fin å lage i ull. Har tova ein liten ball ein gong, og prøvd meg på nålefilting. Men ikkje bilde. På biblioteket fann eg boka Håndlaget filt, av May Jacobsen Hvistendahl (2000), der eg kunne lese om flat toving. Fekk lyst å prøve og kontakta ei veninne som er flink med toving. Ho ville gjerne hjelpe meg, og vi avtalte ein «tovekveld». Sosialt og lærerikt 🙂

030220151372

030220151373

050220151389

Det ferdige resultat. Ja, ja

Foto: Privat

Med blikk på tre av ulike kunstnarar

Vårstemning av Nikolai Astrup

Olje på lerret

http://sparebankstiftelsen.no/Kunstsamlingen/Verk/Regnstemning-under-tre-ved-Joelster-prestegaard/%28return%29/Kunstsamlingen/Kunstnere/Nikolai-Astrup/:showall;#

1006927-0.jpg

Palm tree av Nicolay Aamodt

Akryl på papir

http://www.fineart.no/galleriobjekt/Nicolay_Aamodt_-_Palm_tree/368078

Mystic forest, av Christiane Steinicke

Fotografi

http://eu.lumas.com/pictures/christiane_steinicke/mystic_forest/

Tre i turløypa

Mange, mange gonger har eg gått forbi desse trea. Men har eg sett dei? Eg har nok det, men ikkje lagt skikkeleg merke til dei før.

240120151313

Trollfuru?

240120151319            240120151318

Desse to furene har vokse opp i lag. På eit tidspunkt har den eine fått toppen knekt av. Men gav den opp? Nei. Ei grein strekkjer seg utover medan to har funne vegen oppover mot lyset.

240120151317           Portal i skiløypa

Bjørker med sterk livskraft.

Portal i skiløypa

Portal i skiløypa

Ja, det er utruleg kva ein legg merke til når ein fokuserer på noko. Ute på tur lurer turkameratane mine på kvar eg vert av eller kva eg «styrar» med når eg heng etter og dei ikkje ser meg igjen. Då har eg sjølvsagt sett eit tre som eg må ta bilde av. Tenk,- dei har berre gått rett forbi det, endå så flott det er 🙂 Er visst vorte hekta på tre.

Foto: Privat

De skal produsere eit 2dimensjonalt kunstnarisk uttrykk der de tek utgangspunkt i noko frå naturen; enten eit tre, ein blomst, ein fisk, eit skjell eller eit insekt.

Jaha. Hjernen min jobbar. Etter Wallas kreative prosess er forberedelsesfasen i full gang, «Problemet er oppfattet, og det myldrer i hodet av mange mulige (og umulige) idéer til løsning» (Haabesland & Varvik, s. 220). Kva tema skal eg velje, korleis skal eg løyse dette? Blomster har alltid interessert meg. Finne ein urteblomst eg kan gjere noko utav? Skjell – eg har sjøen rett utanfor stovedøra. Kunne lage noko av skjell? Kukkelurer? Albogeskjell? Eller fisk, insekt? Kva med tre? Så er eg over i inkubasjonsfasen, «en modningstid med meir eller mindre «ubevisst tenkning», men også med perioder av bevisst bearbeiding av problemet.» (ibid.) Tre. Eureka 🙂  Ja tre vil eg arbeide med. Eg er på tur i skogen og oppdagar eit lite tre mellom mange store. Det ser heilt inntørka og livlaust ut.

170120151290

«Illuminasjonsfasen karakteriseres gjerne i form av en «lys ide», en slags plutselig og umiddelbar erkjennelse.» (ibid.) Tre er fasinerande. Der er så utruleg mykje spennande. Men kva for eit skal eg velje?

Skal det verte170120151299 Skal det verte eit av dei to små furene eg kom over på skogsturen, og som begge nok har hatt ein vanskeleg start på livet?

Skal det verte gruppa av bjørketre som stod der så standhaftige midt i skiløypa?

Skal det verte gruppa av bjørketre som stod der så standhaftige midt i skiløypa?

Kva med dette som har vore eit av måla for kvilepause for små barneføter i minst to generasjonar på turen til toppen av fjellet, og som har ei grein som er god å sitje på?

Kva med dette som har vore eit av måla for kvilepause for små barneføter i minst to generasjonar på turen til toppen av fjellet, og som har ei grein som er god å sitje på?

240120151312

Eller kanskje berre eit tre av dei mange?

Og kva teknikkar skal eg prøve ut?

Tilbake i tenkjeboksen og inkubasjonsfasen. Håpar hjernen arbeider vidare for meg…

Private foto

Litteratur

Haabesland, Anny Å. og Vavik, Ragnhild (2000) Kunst og håndverk – hva og hvorfor. Fagbokforlaget

Refleksjon

Eg har i re-design oppgåva mi jobba med materiale laga av bomull. Dette først og fremst fordi eg hadde så mykje gamle dynetrekk og laken liggande som eg såg mitt snitt til å bruke til noko vetig. Men òg fordi eg er opptatt av miljøproblematikken. Vi veit at bomullsproduksjonen i verda er svært forurensande, og menneske som bur og arbeider i områder der det vert dyrka og produsert bomull vert sjuke, og mange døyr av skadar dei vert påført av feks sprøytemiddel og gift. Dette er noko det børt vere meir søkjelys på, og vi i den rike verda som forbrukar svært mykje, må tenkje meir over og ta konsekvensar av dette.

Fillerya som eg lagar er ikkje heilt ferdig endå, men eg kjem til å bruke litt meir enn eit halvt dynetrekk, og ca ein fjerdedel av eit laken. Lakenet er einsfarga, medan dynetrekket har dekor. Eg hadde først tenkt å bruke berre dynetrekket med dekor. Dekoren på tekstilen er glatt. Etterkvart såg eg at teppet kanskje vart litt einsformig, og eg valde å hekle inn nokre striper i einsfarga blått. Blåfargen passa fint til fargane elles. Eg hekla 2 omgongar med blått, vidare 3 omgongar med grunnfargen, så 3 omgongar med blått igjen, og til slutt vert det 4 omgongar med grunnfargen. Skulle eg hekle vidare, ville eg fortsetje med dette systemet, slik at stripene vert like breie, men veks med ein omgong utover. Trur det vert fint.

Fillerya har geometirsk form, sirkulær. Den måler ferdig ca 62 cm i diameter, og har lukka form. Overflata er tekstur. Den er tenkt brukt på eit barnerom og eg trur den er god å gå på for små barneføter 🙂